Klubbmesterskap 9. september

Måndag 9. september er det klubbmesterskap for EOK i Sælandskogen i Time Kommune.
Det er knapt 50 minutt å køyra frå Gruset, vi satsar på felleskjøring. Det er ein fin skog å springa i, og eit nøytralt terreng.
Ganddal IL si orienteringsgruppe vert med på løpet, og dei spanderer kveldsmat på oss etterpå.
Påmelding i Eventor. Det er ei påmelding for EOK-løparar og ei for gjesteløparar.
Hugs å ta med vandrepokalane til løpet slik at vi kan få dei inngravert med ny vinnar. Elles kan dei setjast inn i O-hytta.