Det har vore ein uvanleg sesong i år på grunn av korona. I slutten av sesongen har vi hatt vanlege løp, men før det var det usynleg-O og andre opplegg. Vi i sportsleg komite har difor gjort endringar for sesongavslutning og premiering.

Det vert ikkje vanleg sesongavslutning inne i EIK sitt klubbhus i år slik vi plar ha. I staden gjer vi litt ekstra ute etter løpet på Vikeså torsdag 1. okober.

Vi har pizza og drikke. Vi delar ut premiar og pokalar for klubbmesterkskapet. Det er rankingpremiar for opp til og med 16 år, ikkje til vaksne, og det er ikkje premie for treningsiver. Alle som er med på løpet får ein liten deltakarpremie.

Vi håper å sjå mange på Vikeså. Hugs påmelding i Eventor og 1 meter avstand.

Klokka 17.00: Premieutdelingar
Klokka 17.15: Løp
Klokka 18.15: Pizza og drikke

Velkommen!