2-mannsstafett i Sveineskogen, 11.07.18

Førstkomande onsdag (11.07.18) er det løp i Sveineskogen med fellesstart kl 18.

Det vert 5 løyper på ca 1 km . I tillegg vert det nybegynnarløype. Alle postane har postflagg. Ein kan velgja å springa stafett eller individuelt.

Dei som spring stafetten, finn ein partnar å springa saman med. Førstemann spring ei av løypene og vekslar med partnaren sin ved å overlevera kartet etter å ha stempla på målposten, slik at nummer to spring same løypa som nummer ein. Begge løparane spring alle løypene, eller så mange dei vil. Unntak: Skulle ein løpar bruka mykje tid i løypa, kan partnaren starta sin etappe før løparen har kome til veklsing. Hugs å skriva opp tidene for kvar løype i tabellen. Stiller du åleine, spring du eit valgfritt antall løyper.

Dette er flott sommartrening! Håper at de som er heime kjem! Påmelding greitt, men ikkje nødvendig.
Velkommen!

Inger S. Opstad

http://eventor.orientering.no/Events/Show/10312